onsdag 9. desember 2015

Eg er her

Eg skulle ønskje eg var ein annan stad.
At det var sommar og ikkje vinter.
At det var lyst og ikkje mørkt.
At det var sol og stille
og ikkje regn og vind.
At nokon såg på meg heile tida
og sa eg var snill og flink.
Men eg er her. Og nå er det vinter.
Og mørkt. Og regn. Og vind.
Og ingen ser på meg.

Kilde Instagram @renpoesi

Ingen kommentarer: